fbpx
top

– Ventetiden kan ikkje forsvarast

16. januar i fjor braut det ut brann på Mølletunet i Førde, eit leilegheitskompleks brukt til bustad for asylsøkarane på Hero mottak i Førde. Garolin Nesaraja (24) og hennar knapt to år gamle son Rojgar døydde seinare av brannskader på Haukeland sykehus i Bergen. Politiet i Førde slo raskt fast at det var mora sjølv som hadde starta brannen. Men ingen har svaret på kvifor Garolin valde å avslutte livet, og ta med barnet sitt i døden. Fleire peikar på at ho vart deprimert då søstera Meera (18) vart funnen død heime på Sri Lanka, berre ei veke før UNE avslo anken hennar. Tragedien avdekka ei svært lang saksbehandling i det norske asylbyråkratiet. Les historien på NRK sine nettsider her