fbpx
top

UNHCR kan vanskelig garantere at tvangsreturer ikke strider med egne anbefalinger

«…alle som returnerer, de godkjennes av FNs høykommissær for flyktninger,» uttalte statssekretær Libe Rieber-Mohn til NRK måndag morgon. Juridisk rådgivar i NOAS, Andreas Furuseth, mener at UNHCR kan vanskeleg garantera at tvangsreturane er i tråd med deira eigne tilrådingar. UNHCR kan ikkje gå inn på einskildpersonars asylgrunnlag, og tar ikkje på seg rolla som siste klageinstans i ein nasjonal asylprosess. Norske utlendingsstyremakter må ta ansvaret for å gjera desse vurderingane, seier han.

AFGHANISTAN: – Handteringa av asylsøknader og tvangsreturar av afghanske flyktningar garanterer ikkje at UNHCR sine tilrådingar blir følgde, seier Noas-rådgivar.
 
Av Magnhild Folkvord
Klassekampen, 20. juni 2007
 
«…alle som returnerer, de godkjennes av FNs høykommissær for flyktninger,» uttalte
statssekretær Libe Rieber-Mohn til NRK måndag morgon.
 
FNs høgkommissær (UNHCR) har gjort det klart at det heller ikkje er forsvarleg å be personar frå desse områda å returnera til andre meir stabile område av Afghanistan
utan at dei har reell tilknyting der. Men spørsmålet om korleis «reell tilknyting » blir vurdert, og kven som vurderer dette, er omstridt. Andreas Furuseth, rådgivar
i Noas (Norsk organisasjon for asylsøkere), meiner det er heilt urealistisk å tru at
UNHCR i Kabul kan gjera slike vurderingar i forhold til einskildpersonar.
– Det vil vera overraskande om UNHCR kan vurdera noko anna enn om det området
ein trur vedkommande har tilknyting til, generelt kan reknast som eit «trygt område». Men om ein person har budd i Kabul for fem eller ti eller tjue år sia, har ikkje UNHCR nokon kapasitet til å undersøkja om det nettverket som ein gong var der, framleis eksisterer, seier Noas-rådgivaren.
 
– UNHCR kan vanskeleg garantera at tvangsreturane er i tråd med deira eigne tilrådingar. UNHCR kan ikkje gå inn på einskildpersonars asylgrunnlag, og tar ikkje på seg rolla som siste klageinstans i ein nasjonal asylprosess. Norske utlendingsstyremakter må ta ansvaret for å gjera desse vurderingane, seier han.
Frå Utlendingsnemnda (UNE), som behandlar klagar på asylavslag, får vi opplyst at det i kvar einskild sak før eventuell tvangsretur blir vurdert om vedkommande risikerer forfølging i heimlandet.
 
– Kva gjer UNE for å vurdera kva den einskilde søkjaren har av reell tilknyting
eller nettverk i det aktuelle området?
 
– Vi gjer dei undersøkingane som er rett og mogeleg i det einskilde tilfellet, seier
Terje Sjeggestad, direktør i UNE, til Klassekampen.
 
– Men kva om det ikkje er mogeleg å gjera dei undersøkingane det ville vera rett å
gjera?
 
– Eg har ingen kommentar utover dette, svarar UNEdirektøren.
 
Noas-rådgivaren meiner dagens praksis ikkje garanterer at UNHCR sine tilrådingar
blir følgde. – Ei rekkje av dei som har flykta frå Afghanistan, kan vera omfatta av UNHCR si tilråding om vern mot retur, sjølv om UNE ikkje definerer dei som utsette for personleg forfølging, seier Furuseth.