fbpx
top

UDI stopper retur av asylsøkere til Hellas


– Vi kan ikkje instruera UNE
 
HELLAS: Utlendingsdirektoratet har stansa utsending av flyktningar til Hellas, men departementet kan ikkje instruera Utlendingsnemnda om det same.
 
Av Magnhild Folkvord
 
Klassekampen skreiv i går at Helsingforskomiteen og Noas oppmodar Utlendingsnemnda (UNE) til ikkje å returnera flyktningar til Hellas fordi dei meiner landet
ikkje har ein asylpraksis som ivaretar flyktningane sine menneskerettar på tilfredsstillande vis.
 
Statssekretær Libe Rieber-Mohn i Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID) opplyser at departementet også har mottatt ei tilråding frå Utlendingsdirektoratet (UDI) om same sak, og UDI har alt utsett saker for barnefamiliar der retur til Hellas kan vera aktuelt.
 
– Vi har no dette til vurdering, og vil mellom anna henta inn opplysningar frå andre land om kva praksis dei har i slike saker. Vi er kjent med at også UNE har brevet frå dei to organisasjonane til vurdering, seier statssekretæren.
 
Kan ikkje styra UNE
– AID kan etter vurdering gi UDI ein generell instruks om å setja slike saker på vent, det vil i dette tilfellet seia å stadfesta at det UDI alt har gjort, er rett, legg ho til. Men kanskje vil det vera enda meir avgjerande kva praksis UNE vil ha i desse sakene, i og med at det er UNE som er klageinstans i slike saker. Så seint som i desember 2007 vart det gjort vedtak i UNE, der det vart lagt til grunn at Hellas behandla søknader om asyl «på betryggende måte».
 
– Kan AID instruera UNE om å følgja same praksis som UDI?
 
– Departementet kan ikkje instruera UNE i einskildsaker, det kan berre gjerast gjennom lov og forskrift, forklarer statssekretæren.
 
Avviser spekulasjon
– Kan det løysast ved ei mellombels forskrift, om det skulle vera behov for det?
 
– Ei mellombels forskrift krev ein heimel i lova. Vi avventar no UNE si vurdering av saka, seier ho.
 
– Dersom det skulle visa seg at UNE vurderer dennesaka annleis enn UDI og AID, kan det da tenkjast at UNE held fram med å godkjenna tvangsreturar til Hellas, medan UDI har sett slike saker på vent, og det utan at AID kan gripa inn?
 
– Det blir spekulasjonar som eg ikkje vil gå inn på. Det primære no er at UDI har sett desse sakene på vent, og vi har saka til vurdering, seier Rieber-Mohn, og minner om at det også er ein diskusjon i EU om Hellas sin asylpraksis, og Hellas har mellom anna blitt kritisert for brott på EU sitt mottaksdirektiv. Vi har forsøkt å få ein kommentar til denne saka frå direktør Terje Sjeggestad i Utlendingsnemnda, men har ikkje fått vita anna enn at UNE har mottatt brevet og vil vurdera det.
 
magnhild.folkvord@klassekampen.no