– Storberget har ikke gjort leksa si
Justisminister Knut Storberget får kritikk for sitt svar på et brev fra NOAS, Amnesty og Helsingforskomiteen med spørsmål om ytringsfriheten til medlemmer av Utlendingsnemndas stornemnd. – Vi ønsker et mer klargjørende svar, sier konstituert generalsekretær i NOAS Sylo Taraku.
Av Manghild Folkvord, Klassekampen
Justisminister Knut Storberget ønskjer velkommen ein brei offentleg debatt om viktige fl yktning- og innvandringspolitiske spørsmål. Men han blir svært vag når han svarer på utfordringar han fekk i eit brev frå Helsingforskomiteen, Noas og Amnesty i mars.
Refs frå Sjeggestad
Bakgrunnen er at Terje Sjeggestad, direktør i Utlendingsnemnda (Une), tidlegare i mars retta skarp kritikk mot to medlemmer av stornemnda i Une, Terje Einarsen og Vigdis Vevstad. Dei hadde kommentert eit vedtak i stornemnda – om retur av asylsøkjarar til Hellas – i intervju med Klassekampen, og Sjeggestad skulda dei for å ha vore «ukollegiale og uprofesjonelle».
Spør om grenser
Dei tre organisasjonane stilte i brev direkte spørsmål til justisministeteren om kor grensene går for ytringsfridommen for stornemndmedlemmer.
Storberget skriv i sitt svar datert 16.april at det er viktig at debatten er basert på eit korrekt grunnlag. «Etter det jeg forstår, har direktør Sjeggestad kritisert det han mente var en uriktig påstand om at flertallet i en konkret sak i stornemnda ikke skal ha lagt vekt på anbefalinger fra FN. Jeg har forståelse for ønsket om en slik påpekning,» skriv Storberget, og viser elles til at Une har eigne retningsliner for nemndmedlemmer når det gjeld å uttala seg til media i konkrete saker.
– For uklart
Sylo Taraku, konstituert generalsekretær i Noas, meiner svaret blir for utydeleg. – Her handlar det ikkje om alle einskildsaker i Une, men om prinsipielt viktige saker som blir behandla i stornemnda. Når Storberget skriv at debatten må vera basert på eit korrekt grunnlag, har han ikkje gjort leksa si. Einarsen og Vevstad kritiserte at tilrådingane frå FN ikkje var vektlagde i avgjerda. Desse tilrådingane var ikkje ein del av premissa for fleirtalet si avgjerd i stornemnda, og det går Storberget ikkje inn på i sitt svar. Vi ønskte eit meir klargjerande svar, seier Taraku til Klassekampen.
Vik unna prinsippa
Helsingforskomiteen deler Noas si vurdering av svaret frå Storberget. – Vi opplever ikkje at justisministeren går inn i dei prinsipielle problemstillingane vi reiser i vårt brev. – Han vel i staden å stilla seg bak ein av etatsleiarane, seier Bjørn Engesland, generalsekretær i Helsingforskomiteen, til Klassekampen. I brevet vart det også stilt spørsmål om Une sine rutinar for innkallingar til stornemndmøte. Organisasjonane seier seg nøgde med at desse rutinane no blir nedfelt skriftleg.