fbpx
top

– Skepsisen mot asylmottak blir ofte snudd

UDI vurderer å plassere 90 asylantar i Bremanger kommune, størsteparten i Kalvåg. Og innbyggjarane fryktar at kommunen ikkje er i stand til å ta i mot asylsøkjarane og har laga underskriftsaksjon. Men generalsekretær Morten Tjessem i Norsk organisasjon for asylsøkjarar meiner innvandrarar kan finne seg godt til rette på ein liten stad. – Erfaringa viser at det stort sett går greitt. Og i mange tilfelle har eg sett at lokalsamfunnet har protestert når mottaket blir lagt ned faktisk. At skepsisen har blitt snudd når ein ser at det går greitt. Men Noas meiner innbyggjarane har lite å frykte, og at samfunnet kan få mykje att når dei tek mot asylsøkjarar.