Returer til Hellas i strid med FNs anbefalinger
Flyktningrettseksperten Vigdis Vevstad, meiner at det er eit stort problem at tilrådingane frå UNHCR ikkje blir følgde. Også Morten Tjessem, dagleg leiar i Noas, reagerer med undring på meldinga frå Une. – Asylsystemet i Hellas er illusorisk. Det verkar absurd å visa til at ressurssterke menneske skal kunna ivareta interessene sine i eit system som ikkje finst, seier Tjessem til Klassekampen. Han viser elles til at UNHCR åtvarar mot returar til Hellas fordi asylsøkjarar der risikerer å bli sende til forfølging, noko som også er dokumentert av Noas og Helsingforskomiteen under besøk i Hellas, Tyrkia og Irak nyleg.
RETUR: Utlendingsnemnda har bestemt at det igjen skal vera greitt å returnera asylsøkjarar til Hellas på visse vilkår.
Av Magnhild Folkvord (Klassekampen)
I fjor sa Utlendingsnemnda (UNE) nei til å senda asylsøkjarar tilbake til Hellas. Omfattande kritikk av måten greske styremakter behandlarar asylsøkjarar på, låg til grunn for denne avgjerda. Men frå 23. mars i år tok Une opp att behandlinga av slike saker, og melder no at i 16 sakerer konklusjonen at søkjaren skal returnera til Hellas.
Desse 16 fl yktningane har plikt til å reisa, og politiet kan transportera dei ut, dersom dei ikkje reiser frivillig. Ut frå Dublin–forordninga er hovudregelen at asylsaker skal behandlast i «første asylland».
For svært mange flyktningar frå Iran, Irak og Afghanistan er Hellas det første europeiske landet dei kjem til. Det er vel kjend at Hellas korkje har mottaksforhold eller saksbehandlingsapparat som kan sikra ei forsvarleg behandling av dei asylsøkjarane som kjem til landet.
Individuell vurdering
Une opplyser at det i alle vedtaka vart lagt vekt på at greske styremakter i kvar einskild sak har «gitt garanti om at vedkommende vil få tilgang til asylprosedyren ved retur til Hellas».
– Vi er kritiske til delar av det greske systemet, men her har vi gjort individuelle vurderingar, og gått grundig inn i alle sider av saka, seier Unedirektør Terje Sjeggestad til Klassekampen.
– De vil returnera personar som «må forventes å kunne ivareta sine rettigheter som asylsøke i Hellas». Kva for personlege ressursar krev det hos asylsøkjarane?
– Det kan eg ikkje seia noko generelt om, vi er opptatt av individuell saksbehandling, seier direktøren.
Ingen asylprosedyre
Frå Amnesty International i Hellas får vi vita at den einaste asylprosedyren som eksisterer er eit intervju med spørsmål om namn, fødselsdatoog nasjonalitet, og utdelingav eit kort som stadfestarat vedkommande er asylsøkjar.
– Dei greske lovene er gode, men praksis manglar, seier representanten for den greske Amnesty-avdelinga.
I strid med UNHCR
Flyktningrettseksperten Vigdis Vevstad, som har arbeidd mykje med asylpolitikken i EU, meiner det er eit hovudproblem at det er for lite overvaking av kva som skjer når asylsøkjarar blir returnerte til Hellas.
– Lova seier ein ting, og EU–tilpassinga blir gjort formelt, men i praksis er tryggleiken for asylsøkjarane ikkje ivaretatt på tilfredsstillande vis, seier Vevstad til Klassekampen.
Ho peiker vidare på at det er eit stort problem at tilrådingane frå FNs høgkommissær for fl yktningar (UNHCR) ikkje blir følgde.
– Eg fi nn det underleg at Une i si pressemelding viser til ny omfattande og utfyllande informasjon, mellom anna gjennom UNHCR sine tilrådingar frå april 2008. UNHCR tilrår ikkje retur til Hellas, og det vart også gjentatt i samband med ei sak som gjekk for Menneskerettsdomstolen i Strasbourg i desember 2008, seier Vevstad.
Ressurssterke
Også Morten Tjessem, dagleg leiar i Noas (Norsk organisasjon for asylsøkjarar), reagerer med undring på meldinga frå Une.
– Asylsystemet i Hellas er illusorisk. Det verkar absurd å visa til at ressurssterke menneske skal kunna ivareta interessene sine i eit system som ikkje fi nst, seier Tjessem til Klassekampen. Han viser elles til at UNHCR åtvarar mot returar til Hellas fordi asylsøkjarar der risikerer å bli sende til forfølging, noko som også er dokumentert av Noas og Helsingforskomiteen under besøk i Hellas, Tyrkia og Irak nyleg.
Dette gjeld både ved grensa mot Tyrkia og for personar som har registrert asylsøknad og oppheld seg i Hellas, og omfattar dermed også personar overført til Hellas etter Dublin-forordninga.
Sjeggestad opplyser at om lag 150 saker der retur til Hellas kan vera aktuelt, ventar på behandling i Une. – Dei sakene vi har behandla no, gir ingen fasit for dei sakene som ventar, seier han.