fbpx
top

Norges håndheving av Dublin II-forordningen er blant Europas strengeste

For fire veker sia vart det siste stornemdvedtaket frå Utlendingsnemda (UNE) kjent. Den irakiske asylsøkjaren det gjaldt, skulle ifølgje stornemda vera i stand til å ivereta sine eigne interesser ved retur til Hellas. Trønder-Avisa hadde denne veka eit intervju med irakeren, som gir eit anna bilete. Hamdi Muhammed Khalil (33) er midt i sjukehusbehandling etter å ha blitt operert i hovudet. Han har vore gjennom tre omfattanda operasjoner, dei to første i Irak, og har truleg fått varig skade av dei.

Sylo Taraku, konstituert leiar i Noas, meiner Noreg held på å bli eitt av dei strengaste landa i handhevinga av Dublin II-forordninga.

-Une seier dei tar omsyn til sårbare personar, dette tyder ikkje på det. Vi er i dagleg kontakt med våre kollegaer i Hellas, dei fortel at det stadig blir returnert personar frå Noreg som er sjuke og sterkt traumatiserte, seier Taraku.

For fire veker sia vart det siste stornemdvedtaket frå Utlendingsnemda (UNE) kjent. Den irakiske asylsøkjaren det gjaldt, skulle ifølgje stornemda vera i stand til å ivereta sine eigne interesser ved retur til Hellas. Trønder-Avisa hadde denne veka eit intervju med irakeren, som gir eit anna bilete. 

Hamdi Muhammed Khalil (33) er midt i sjukehusbehandling etter å ha blitt operert i hovudet.

-Eg er djupt uroleg for helsa mi, og eg er redd for å døy, seier han til Trønder-Avisa, på veg til time på nevrologisk poliklinikk på sjukethuset i Namsos.

Han har vore gjennom tre omfattanda operasjoner, dei to første i Irak, og har truleg fått varig skade av dei. Han er delvis lam på høgre sida av kroppen, har epilepsi med sterke anfall, synsproblem, sterke smerter i hovud og bein, og er deprimert.

Khalil er redd for å bli henta av politiet. Han ønskjer å få bli til den medisinske behandlinga er ferdig. Sylo Taraku, konstituert leiar i Noas, meiner Noreg held på å bli eitt av dei strengaste landa i handhevinga av Dublin II-forordninga.

-Une seier dei tar omsyn til sårbare personar, dette tyder ikkje på det. Vi er i dagleg kontakt med våre kollegaer i Hellas, dei fortel at det stadig blir returnert personar frå Noreg som er sjuke og sterkt traumatiserte, seier Taraku.