NOAS: Tiltroen til UNE er alvorlig svekket
Utlendingsnemnda (Une) sitt vedtak som opnar for å returnera hundrevis av asylsøkjarar til Hella, vekkjer sterke reaksjonar. Sylo Taraku, seniorrådgivar i Noas (Norsk organisasjon for asylsøkere) er ein av dei som reagerer. – Da Une i 2008 stoppa returar til Hellas, demonstrerte dei at Une var uavhengig på ein måte det stod stor respekt av. Etter det kom eit politisk press, Det vart hevda at Noreg ikkje kan vera åleine om å stoppa returane. Regjeringa har instruert Utlendingsdirektoratet (UDI), men kunne ikkje instruera Une. Situasjonen i Hellas har ikkje blitt betre, men Une har snudd. Det gjer at ein må stilla spørsmål om kva som har skjedd med den uavhengige stillinga Une skal ha, seier Taraku til Klassekampen. (Se også debatt mellom konstituert generalsekretær i NOAS, Sylo Taraku og direktør i UNE, Terje Sjeggestad på Dagsnytt atten).
UTLENDINGSNEMNDA: – Kva har skjedd med den uavhengige statusen til Utlendingsnemnda, spør Sylo Taraku, Noas.
AV MAGNHILD FOLKVORD
Utlendingsnemnda (Une) sitt vedtak som opnar for å returnera hundrevis av asylsøkjarar til Hella, vekkjer sterke reaksjonar. Sylo Taraku, seniorrådgivar i Noas (Norsk organisasjon for asylsøkere) er ein av dei som reagerer. – Da Une i 2008 stoppa returar til Hellas, demonstrerte dei at Une var uavhengig på ein måte det stod stor respekt av. Etter det kom eit politisk press, Det vart hevda at Noreg ikkje kan vera åleine om å stoppa returane. Regjeringa har instruert Utlendingsdirektoratet (UDI), men kunne ikkje instruera Une. Situasjonen i Hellas har ikkje blitt betre, men Une har snudd. Det gjer at ein må stilla spørsmål om kva som har skjedd med den uavhengige stillinga Une skal ha, seier Taraku til Klassekampen.
– Ikkje uavhengig organ
Vedtaket frå stornemnda gir ein grundig gjennomgang av asylsituasjonen i Hellas, men fleirtalet kjem til ein konklusjon som ikkje står i forhold til den faktiske situasjonen.
– Dette svekkjer tiltrua til utlendingsforvaltinga som forvaltar av norsk menneskerettspolitikk. Vi oppfattar dette som politikk i juridisk språkdrakt. Med dette framstår ikkje Une som eit uavhengig organ i våre augo, seier Noas-rådgiveren.
Rettstryggleik
Geir Bekkevold, stortingsrepresentant for KrF, etterlyser dokumentasjon for at ein asylsøkjar vil få ei forsvarleg behandling i Hellas.
– Har dei akseptert eit så lågt nivå på rettstryggleik at ein ikkje skal forholda seg til FN og Den europeiske menneskerettskonvensjonen? Eg vil utfordra både regjeringa og Une, kor mykje vekt skal leggjast på tilrådingane frå FN, det er eitt viktig prinsipp i norsk utlendingslov, seier Bekkevold til Klassekampen.
Byrdefordeling
KrF-representanten viser til tal på såkalla «irregulære ankomstar» til Hellas sia 2006.
– Dersom alle asylsøkjarar som har reist vidare til andre land i Europa etter å ha vore innom Hellas, skal returnerast, vil Hellas risikera å få tilbake om lag 400.000 personar. Kan nokon tru at Hellas er i stand til å handtera ein slik situasjon? Byrdene må fordelast. Noreg må behandla sakene til dei som har komme hit, seier Bekkevold.
Offentleggjering
NOAS har valt å offentleggjera saka på sine nettsider www.noas.org.
– Denne avgjerda rører ved så prinsipielt viktige spørsmål og gjeld så mange personar at det fulle grunnlaget for vedtaket bør vere tilgjengeleg på line med avgjerder frå domstolen. At mindretalet sin argumentasjon ikkje kjem klarare fram enn i den korte oppsummeringa på Une sine heimesider, er etter vår oppfatning svært uheldig, seier Taraku.