NOAS og Helsingforskomiteen advarer UNE mot Hellas
I 2007 ble 74 asylsøkere uttransporterte fra Norge til Hellas i henhold til Dublin-regelverket. Hellas bryter internasjonale konvensjoner i måten de behandler asylsøkere på. – Denne praksisen må endres. Vi må forvente at norske styremakter forholder seg til realitetene slik de blir omtalte av ulike menneskerettsorganisasjoner og UNHCR, seier Bjørn Engesland, generalsekretær i Helsingforskomiteen. Både Engesland og avdelingsleder Sylo Taraku i NOAS mener norske styremakter bør vurdere å hente tilbake de asylsøkerne som har blitt tvangsreturnerte til Hellas.
Helsingforskomiteen og Noas:
Åtvarar UNE mot Hellas
FLUKT: Noreg må slutta å tilbakeføra asylsøkjarar til Hellas, der er dei ikkje sikra ei behandling i tråd med internasjonale konvensjonar, åtvarar Noas og Helsingforskomiteen.
Av Magnhild Folkvord
I 2007 vart 74 asylsøkjarar uttransporterte frå Noreg til Hellas i tråd med avtalane om at asylsøknader skal behandlast i det landet der vedkommande først søkte asyl, Dublin II-forordninga.
Helsingforskomiteen og Noas ber no norske styremakter stansa utsendingane til Hellas fordi asylsøkjarane ikkje får den behandlinga av sakene sine som dei har krav på.
– Denne praksisen må endrast. Vi må forventa at norske styremakter held seg til realitetane slik dei blir omtalte av ulike menneskerettsorganisasjonar og FN sin eigen flyktningorganisasjon (UNHCR), seier Bjørn Engesland, generalsekretær i Helsingforskomiteen. Han minner om at det også tidlegare har vore kritikk av gresk asylpraksis.
Både Engesland og avdelingsleiar Sylo Taraku i Noas meiner norske styremakter bør vurdera å henta tilbake dei asylsøkjarane som har blitt tvangsreturnerte til Hellas.
Alvorleg varsku
I eit brev frå Helsingforskomiteen og Noas til Utlendingsnemnda (UNE), med kopi til både Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID) og Utanriksdepartementet, blir det vist til at Hellas har eit underutvikla asylsystem som ikkje maktar å ta imot dei som søkjer asyl i landet.
Konsekvensen av 700 og 800 plassar i asylmottak når fleire tusen søkjer asyl kvart år, er uakseptable sosiale forhold for søkjarane. Mangel på tolkehjelp kan føra til at somme kan bli lurte til å trekkja asylsøknadene tilbake, eller mistar retten til å klaga. Mange får ikkje søknadene sine behandla i det heile. Den tyske organisasjonen Pro Asyl har dokumentert at flyktningar blir avviste ved den greske grensa, mange blir arresterte og mishandla, mange tvangssende til Tyrkia. Derifrå risikerer dei å bli deporterte til forfølging i heimlandet. 45 av dei som vart sende frå Noreg i fjor, er irakarar som risikerer tvangsretur til Tyrkia.
Dansk Flygtningehjælp har rapportert at Hellas i 2006 arresterte 8.157 irakarar som ulovlege innvandrarar, berre 1415 fekk høve til å søkja asyl, og ingen fekk asyl.
Videoopptak som viser korleis gresk politi mishandlar asylsøkjarar og immigrantar har vore offentleggjort, mellom anna på greske og svenske tv-kanalar og på nettstaden Youtube.
«På betryggende måte»
Brevet frå dei to organisasjonane nemner mellom anna ein søkjar frå Aserbadsjan som etter Dublin II-forordninga skal kunna sendast til Hellas. Av vedtaket går det fram at UNE legg til grunn at Hellas behandlar søknader om asyl «på betryggende måte». UNE er kjend med kritikken av gresk asylpraksis, men har frå ambassaden i Athen fått rapport om at det skal vera sett i verk tiltak som vil betra situasjonen.
Dette samsvarar ikkje med den informasjonen UNHCR og andre menneskerettsorganisasjonar har formidla, og dei to organisasjonane understrekar at Noreg har eit sjølvstendig folkerettsleg ansvar for å sjå til at ein person som treng vern, ikkje blir direkte eller indirekte send til ein stad der livet og tryggleiken vil vera i fare.
– Ut frå både humanitære omsyn og omsyn til rettstryggleiken må Noreg velja å realitetsbehandla alle asylsøknader i Noreg som Hellas elles har ansvar for etter Dublin II-forordninga, seier Engesland.
Korkje UNE-direktør Terje Sjeggestad eller statssekretær Libe Rieber-Mohn, AID, hadde tid til å kommentera denne saka i går.
magnhild.folkvord@klassekampen.no