Må angre på asylsøknad for å få pass
Iran krev at flyktningar i Norge angrar på at dei søkte asyl. Ellers får dei ikkje pass. – Om ein person elles skulle uttale til heimlandet sine styresmakter at ein angrar på at ein søkte asyl kan ein ikkje sjå bort frå at dette trugar personen sin opphaldsløyve i Norge, seier fungerande generalsekretær i NOAS. Andreas Furuseth har akkurat fått sjå det han meiner er eit fullstendig urimeleg angreskjema frå den iranske ambassaden. For når flyktningar har vorte utsett for alvorlege forhold heime i Iran, vil eit angreskjema gjere at mange av dei vel å stå utan pass, og dermed ikkje får reise ut av landet, seier han. – Og då å måtte skrive under på at ein angrar under slike omstende framstår som nedverdigande og høgst urimeleg for den enkelte.