Kvinne og flyktning frå Eritrea
Tsehai Birhan kom til Noreg sommaren 2007, der ho etter seks månader på eit asylmottak enda i Volda. Sidan har ho utdanna seg som helsefagarbeidar og jobbar no som pleieassistent. – Nye generasjonar i land som Noreg veit ikkje kva kvinnekamp og 8. mars er for noko. Ein er vaksne opp med likestilling og tenkjer ikkje meir over det, meiner Birhan. Ho spør seg kva 8. mars betyr for kvinnene i fattige land som Eritrea og Etiopia. Dei er oppvaksne med krig, steller i heimen og kjempar for å overleve. – Kvinnekampen betyr ingenting for dei, seier ho. Les meir på Voldas Nærnett.no her