– Klar korreks til UNE
Både SV og Frp vil avvikla Utlendingsnemnda. Ap vurderer nedlegging. Frp vil ha full politisk kontroll gjennom eit nytt departement, medan SV vil la domstolane ta over. Advokatforeningen sitt tilbod om gratis rettshjelp i utlendingssaker har ført til at avslag i ei rekkje asylsaker har blitt omgjort. Ein del saker har fått ny vurdering i Utlendlingsnemnda (Une), andre har blitt endra i tingretten. Morten Tjessem, generalsekretær i Noas, er ikkje i tvil om at resultata frå Advokatforeningen si aksjonsgruppe er ein klar korreks til Une. – Når ein som fekk avslag i Une, får innvilga asyl av tingretten, seier det noko om at val av behandlingsform i Une må vurderast, seier Tjessem. Den saka han nemner, var behandla av nemndleiar åleine i Une, som ei sak «uten vesentlige tvilsspørsmål». – NOAS meiner likevel at Une har fordelar jamført med det som var før, legg han til. Før 2001 var Justisdepartementet ankeinstans for saker som hadde fått avslag i Utlendingsdirektoratet.