Fleire forsvinn frå asylmottak
40 prosent fleire asylsøkjarar forsvann frå mottaka i Rogaland i fjor enn året før. Tor Brekke ved Hero mottak er ikkje overraska. – To forhold ligg bak det at fleire forsvann i fjor: Det eine er at ein større del av dei som bur ved mottaka har fått endeleg avslag på asylsøknaden sin. Dette gjeld rundt ein tredel av dei som bur der. Det andre er altså det skjerpa fokuset på frivillig og tvungen retur av asylsøkjarar som har fått avslag. Me må nok rekna med fleire forsvinningar frå mottaka som ein bi-effekt av dette, seier Brekke. Les hele artikkelen i Aftenbladet her