Dr. juris Terje Einarsen trekker seg fra UNE
Ytringsfridommen i Utlendingsnemnda gjeld berre ein veg, seier Terje Einarsen som trekkjer seg frå sine Une-verv. No vurderer Vigdis Vevstad det same. Einarsen var fast medlem av stornemnda i den førre fireårsperioden, og vart oppnemnd som varamedlem frå 2009 til 31. desember 2012, oppnemnd etter framlegg frå Noas (Norsk organisasjon for asylsøkere). Sylo Taraku, konstituert leiar for Noas, har forståing for at Einarsen reagerer som han gjer. – Einarsen har forklart dissensen sin, det må han få lov til å gjera. Einarsen sin lojalitet ligg først og fremst hos menneskerettane og lova, ikkje hos eit statleg organ. Det er svært uheldig at direktøren karakteriserer dette som ukollegialt. Stornemnda forvaltar menneskerettspolitikken i Noreg, seier Noas-leiaren.
PROTEST: Ytringsfridommen i Utlendingsnemnda gjeld berre ein veg, seier Terje Einarsen som trekkjer seg frå sine Une-verv. No vurderer Vigdis Vevstad det same.
AV MAGNHILD FOLKVORD, KLASSEKAMPEN
Tysdag melde flyktningrettsekspert Terje Einarsen i brev til Justisdepartementet at han ber om å bli friteken frå dei verva han har i Utlendingsnemnda (Une).
Bakgrunnen er at Une-direktør Terje Sjeggestad i eit intervju i Klassekampen (18. februar) kritiserte både Einarsen og Vigdis Vevstad for ukollegial og uprofesjonell kritikk av kollegaer. Einarsen hadde i intervju med Klassekampen dagen før forklart kvifor han tok dissens i eit stornemndvedtak om retur av asylsøkjarar til Hellas, og Vevstad hadde kritisert vedtaket.
Vigdis Vevstad, som også er stornemndmedlem, men ikkje deltok i avgjerda om Hellas-returane, vurderer å gjera det same som Einarsen.
– Eg forstår svært godt Einarsen sin reaksjon, og skal bruka dei første dagane til å tenkja over kva eg skal gjera. Utsegnene frå Sjeggestad gjer det svært vanskeleg å halda fram som nemndmedlem, seier Vevstad til Klassekampen.
Ytringsfridom
Einarsen seier i brevet at det som har skjedd, vil kunna påverka eit konstruktivt og nøytralt samarbeid mellom han og nemndleiarane. Han seier vidare at det blir vanskeleg å forholda seg til at sakleg og fagleg fundert ytringsfridom frå eit dissenterande medlem av Stornemnda blir oppfatta som sterkt kritikkverdig.
Dette er første gongen Einarsen har uttalt seg til pressa om eit vedtak han har vore med på i Une, og han trekkjer den konklusjonen at ytringsfridom for Une-tilsette og nemndmedlemmer berre kan utøvast ein veg – til forsvar for vedtak gjort i Une.
Einarsen ønskjer ikkje å kommentera kritikken frå Sjeggestad utover det han har skrive til Justisdepartementet.
– Prinsipielle spørsmål
Både Einarsen og Vevstad har juridisk doktorgrad innafor flyktningrettsområdet, men har i Une-samanheng status som lekfolk, oppnemnde etter framlegg frå frivillige organisasjonar.
Vevstad peiker på at dette handlar om prinsipielle spørsmål.
– Det handlar om returar til Hellas, og om ytringsfridom i demokratiet Noreg. Det er viktig å setja fokus på det i den vidare debatten, og ikkje på personane, seier ho.
– Ettersom vi som nemndmedlemmer er oppnemnde av Justisdepartementet, ville eg trudd at departementet har synspunkt på slike utspel frå Une-direktøren. Dei bør vera opptekne av at lekmedlemmene kan kjenna seg fri og ikkje truga av administrasjonen i Une. Vi er lekfolk med spesialkunnskapar og kvalifiserte meiningar, seier Vevstad.
Menneskerettane
Einarsen var fast medlem av stornemnda i den førre fireårsperioden, og vart oppnemnd som varamedlem frå 2009 til 31. desember 2012, oppnemnd etter framlegg frå Noas (Norsk organisasjon for asylsøkere).
Sylo Taraku, konstituert leiar for Noas, har forståing for at Einarsen reagerer som han gjer.
– Einarsen har forklart dissensen sin, det må han få lov til å gjera. Einarsen sin lojalitet ligg først og fremst hos menneskerettane og lova, ikkje hos eit statleg organ. Det er svært uheldig at direktøren karakteriserer dette som ukollegialt, det handlar om å vera lojal mot menneskerettane. Stornemnda forvaltar menneskerettspolitikken i Noreg, seier Noas-leiaren.
– Må handtera det sjølv
Statssekretær Pål K. Lønseth i Justisdepartementet beklagar at Einarsen trekkjer seg.
– Men slik situasjonen er, er det rimeleg at han får fråtre. Årsaka er ein konflikt med Une-direktøren, den må dei løysa seg imellom. Une må handtera slike konfliktar sjølv, seier statssekretæren.
– Korleis kan det skje når det er den øvste sjefen som har fremja ein kritikk som blir opplevt som urimeleg?
– Kritikken går på Einarsen si handtering etter avgjerda i stornemnda. Ingenting tyder på at Einarsen vart pressa i nemndbehandlinga. Dette må handterast av Une. Det er ein konflikt mellom Une-sjefen og ein som sit i nemnda. Det er unaturleg for departementet å gå inn i denne saka. Skulle det visa seg å vera generelle problem med personalpolitikken i Une, må departementet interessera seg for det, men vi har ingen indikasjon på det er slik, seier Lønseth.
Une-direktør Terje Sjeggestad seier til Klassekampen at han ser ingen grunn til at Einarsen hadde behøvd å trekkja seg, men at det sjølvsagt må vera Einarsen sitt eige val.
Bildetekst: Usemje om retur: Terje Einarsen har trekt seg frå Une etter kritikk frå Une-direktøren. – Denne saka handlar om viktige prinsipielle spørsmål – returar til Hellas og ytringsfridom i demokratiet Noreg, seier flyktningsrettsekspert Vigdis Vevstad.