fbpx
top

– Den verkelege UDI-skandalen

Knapt 50 av dei nær 200 sakene som utløyste den såkalla «UDI-skandalen» i 2006, er no ferdigbehandla i UDI. 40 har fått avslag, men kan likevel ikkje tvangsutsendast. – Dette er den verkelege skandalen, seier Morten Tjessem i Noas. Han er svært forundra over at det er gitt så mange avslag i desse sakene. – Her må det ha gått føre seg ein sjølvsensur i UDI, som har ført til at UDI har handla mot sine eigne faglege råd, seier Tjessem til Klassekampen.