fbpx
top

10 år på vent

I 1998 kom ein 17 år gammal gut til Hareid frå det krigsherja Sri Lanka. Men i dag, nesten ti år seinare, går han framleis i uvisse. Utan opphaldsløyve og utan å kunne gjere anna enn å vente. – Det er fleire hundre i same situasjon som Shanthakumar. Nokon må snart skjære gjennom her og sjå på kor lenge ein person kan gå slik å vente. Innan fem år bør det vere klart at om ein person ikkje kan returnere til heimlandet på grunn av konflikter eller anna, så må den personen få opphaldsløyve og arbeidstillatelse, seier generalsekretær i Noas, Morten Tjessem